Kort fortalt

Vil ikkje rive Fosen-turbinar

Fleirtal seier nei til riving av omstridde vindturbinar.

20.03.2023

Ein av tre spurde støttar kravet frå aksjonistane om å rive vindturbinane på Fosen, ifølgje ei undersøking. Men 44 prosent seier nei til riving.

Det kjem fram i ei måling Respons Analyse har gjort for VG.

Spørsmålet som vart stilt var: Støttar du kravet frå aksjonistane om at vindturbinane på Fosen skal rivast?

44 prosent av dei 1.000 som svarte på spørjeundersøkinga seier at dei er samde med ønsket til regjeringa om å ikkje rive turbinane. 33 prosent støttar kravet frå aksjonistane om at vindturbinane må rivast. 23 prosent svarar at dei ikkje er sikre.

I oktober 2021 fall dommen frå Høgsterett om at konsesjonane som vart gitt i samband med bygginga av to vindkraftverk på Fosen, Roan og Storheia, strir mot minoritetsvernet til reindriftssamane på Fosen. Konsesjonane er dermed ugyldige.

23. februar, etter 500 dagar utan ei løysing, gjekk aktivistar frå Norske Samers Riksforbund og Natur og Ungdom til aksjon og okkuperte inngangspartiet til Olje- og energidepartementet og fleire andre departement.

Dei to vindkraftverka stod ferdige i 2018 og 2019. Det har kosta om lag 6 milliardar kroner å setje opp dei i alt 151 vindturbinane. Aksjonistane krev at dei blir rivne, men regjeringa ønskjer at dei skal få stå.

Publisert: 20.03.2023 08:51

Sist oppdatert: 20.03.2023 08:53

Mer om