Kort fortalt

Vil ikkje støtte havfiskefestival

Fylkesdirektøren for næring vender tommelen ned for å støtte Måløy Havfiskefestival AS med 100.000 kroner.

Ivar Myklebust Longvastøl
28.01.2014
Festivalen har fått avslag om fylkeskommunal støtte to gonger før, og politikarane i Hovudutval for plan og næring har grunngitt det med at denne festivalen ikkje er innanfor satsingsområda til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Aksjeselskapet bak festivalen har eit budsjett for årets festival på 720.000 kroner, der sponsorinntekter på 400.000 kroner utgjer den største inntektsposten.
Målet er å utvikle ein internasjonal fiskefestival.
- Festivalen 2013 vart den største festivalen i Norges Cupen til Norges Havfiskeforbund og ein stor suksess når det galdt publikum. Planane er no lagt for ytterlegare vekst i 2014, der ein vil doble talet på publikum, går det fram av saksutgreiinga til næringssjefen.
Hovudutval for plan og næring tek stilling til søknaden i møte 5. februar.

Publisert: 28.01.2014 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22