Kort fortalt

Vil ikkje søke om høgare laksetak

Marine Harvest fryktar meir lus.

01.09.2016
(NPK-NTB): Oppdrettsselskapet Marine Harvest søkjer ikkje om å få innføre regjeringa sitt tiltak for å auke lakseproduksjonen. Dei fryktar det vil føre til meir lus.
I sommar varsla regjeringa tiltak for å auke produksjonen i oppdrettsnæringa. Taket for kor mykje fisk som kan stå i sjøen, blir heva i den beste tilvekstperioden, mot at det blir senka i resten av året. Tiltaket blir kalla for rullerande MTB (maksimalt tillatt biomasse).
– Etter grundig vurdering, inkludert lengda på prøveperioden, kostnader, potensiell produksjon og berekraft, har Marine Harvest avgjort å ikkje søke om den fleksible maksimum tillatne biomassen, melder det største oppdrettsselskapet i verda i ei børsmelding torsdag.
Allereie i sommar sa Marine Harvest at dei frykta at regjeringa sitt tiltak for å auke lakseproduksjonen kunne føre til det motsette.
– Problemet er at ein får meir laks i sjøen, meir biomasse, når problemet med lakselus er størst. Det er når det er varmt i sjøen at lakselusa veks raskast. Aukar du mengda laks i sjøen utan å ha kontroll, er det veldig skummelt, sa konsernsjef Alf-Helge Aarskog til Dagens Næringsliv i sommar.
Fleire naturorganisasjonar klaga vedtaket om MTB inn for Sivilombodsmannen. Også dei grunngav klagen med at tiltaket kan bidra til å auke luseproblema. (©NPK)

Publisert: 01.09.2016 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44