NPK: Ørsta kommune vurderer å innføre ei eiga anløpsavgift for båtar over 15 meter i kommunen. NHO Sjøfart meiner framlegget er urimeleg og dårleg greidd ut, skriv Møre-Nytt.
Tidlegare har Statens vegvesen stilt spørsmål ved om kommunen i det heile har heimel til å krevje inn ei slik avgift. Vegvesenet driv ferjesambandet på E39 mellom Festøya i Ørsta kommune og Solevåg i Sula kommune.
NHO Sjøfart peikar på at berre éi av dei seks ferjekaiene i kommunen er kommunal. Dei andre blir drivne av staten eller Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Føresegna tilfredsstiller ikkje minimumskrava til saksførebuing og er derfor så mangelfull at ho må sest som ugyldig, skriv NHO Sjøfart i eit høyringssvar om framlegget.
Ifølgje NHO får ferjeselskapet Fjord1 med den foreslåtte avgifta ei årleg ekstrautgift på 1,1 millionar kroner frå 2020, da det skal setjast inn ei ekstra ferje i Festøy-sambandet.

Publisert: 11.12.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40