Kort fortalt

Vil kutte i Noregs sjømatråd

Marine Harvest vil betale mindre.

30.09.2016
(NPK-NTB): Oppdrettsselskapet Marine Harvest vil gjere det frivillig å vere med i Noregs sjømatråd og vil betale mindre til det statlege rådet.
Fiskeeksportørane er pålagde å betale ei avgift på 0,6 prosent til rådet som blant anna skal drive marknadsføring av norsk fisk og sjømat i utlandet. Marine Harvest har tidlegare teke til orde for å redusere pengebruken til rådet, og no seier oppdrettsgiganten at ordninga burde bli frivillig, skriv .
– Dersom ein konstruerer eit sjømatråd som er kommersielt i tankegangen og tilbyr gode tenester innan til dømes eksportstatistikk, omdømme og beredskap, i tillegg til generisk marknadsføring, vil Marine Harvest bidra til dei to første og aktivt delta i dette arbeidet. Generisk marknadsføring kan då vere for dei som ønskjer dette, seier Marine Harvest-sjef Alf-Helge Aarskog. Selskapet han leier betaler i år rundt 70 millionar kroner, noko han meiner er for mykje.
– Eg ser poenget deira med generisk marknadsføring. Samtidig gir innsatsen som departementet, eg, våre ambassadørar og Noregs sjømatråd gjer for norsk fisk, ein boost også for produkta til Marine Harvest, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Han ber også selskapet hugse at det gjennom åra har tent godt på ordninga, særleg då selskapet var mindre og ikkje den giganten det er i dag. (©NPK)

Publisert: 30.09.2016 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44