Kort fortalt

Vil lage sportsdrikk av fiskehovud

Snart kan du drikke fisk.

14.03.2016
(NPK): Forskar vil finne ut korleis ein best mogleg kan nytte fiskerestar, og har allereie laga proteinpulver av restråstoffet.
Om eit par år er det kanskje fisk du drikk under treningsøkta, skriv .
I dag er det ofte berre ein liten del av fisken som vert selt som filet i butikken, men dei fleste tenkjer kanskje ikkje så mykje på kor resten vert av.
Tone Aspevik, doktorgradsstipendiat ved matforskingsinstituttet Nofima forskar på korleis ein kan utnytte fiskerestar til menneskeføde.
– I dag blir restane hovudsakleg nytta som grisefôr – sjølv om det er av høg kvalitet, seier Aspevik.
Restar av råstoff frå marine artar var på totalt 900.000 tonn i Noreg i 2014. Fiskehovud og ryggar av laks utgjorde aleine om lag 100.000 tonn. Motivasjonen til forskaren er å få til ei meir berekraftig utnytting av den dyrebare fisken som i dag blir altfor lite nytta, og det er eit aukande behov for alternative proteinkjelder.
Aspevik seier at moglegheitene er mange, og ho har nytta hundrevis av arbeidsdagar på å prøve å utnytte protein som er igjen frå rygg og hovud av laks. Doktorgradsstipendiaten lagar proteinpulver av fiskerestane, men seier at det ikkje smakar særleg godt.
– Eg har klart å redusere den bitre smaken. No smakar det ikkje så bittert, men det smakar framleis fisk. Eg trur det kan vere eit godt utgangspunkt for å lage fiskebaserte produkt som fiskesupper og fiskekaker til dømes, seier Aspevik.
Ho meiner det er mogleg å nytte fiskerestane til å lage proteinpulver som kan nyttast i sportsdrikk, og at den same framgangsmåten kan nyttast for å ete insekt i framtida. (©NPK)

Publisert: 14.03.2016 15:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47