(NPK): Eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Noreg, Island og Færøyane har som mål å styrke bygdesamfunna.
– Eg er spent, seier Katrin Blomvik Bakken, direktør i Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv, til NRK.
Saman med Thingeyri på Island og Vágur på Færøyane, skal Geiranger samarbeide om prosjektet Arctic Digital Nomads Stipend.
Prosjektet går ut på at folk som kan ta med seg jobben kvar som helst, kan søke om å bu gratis i ei eller fleire av desse bygdene, frå ein til tre månadar over nyttår. Dei som får stipendet får òg tilbod om gratis kontorplass.
Magnus Pauli Vest representerer Vágur kommune på Færøyane.
Han meiner dette er ei unik moglegheit der folk kan teste korleis det er å bu langt ut i havgapet.
– Så kan dei sjølv avgjere om det er noko for dei å bu her fast, eller om det berre var ei oppleving, seier Vest.
Det er likevel ikkje berre i Norden ein ser at folk trekker mot byane. Fleire land kringom Europa jobbar med å tiltrekke seg folk som kan ta med seg arbeidet kvar som helst, såkalla digitale nomadar.
(©NPK)
Publisert: 29.10.2024 12:51
Sist oppdatert: 29.10.2024 12:56