Carl magnus hegde næss montasje remote instagram foto per eide Marius 11
MARKNADSFØRING: Firmaet Remote marknadsfører Ulsteinvik med sentrumsnære skiturar på Instagram. Carl Magnus Hegde Næss som leiar Ulstein Næringsforum jobbar med å etablere arbeidsfellesskap i kommunen. Foto: Per Eide/Marius Rosbach
Nytt

Slik kan fjernarbeidarar lokkast til regionen

Fleire kommunar satsar på arbeidsfellesskap for å freiste nye innbyggjarar. Dei som strekker seg lengst, vil tilby minihus på valfri tomt.

Marius Rosbach
13.11.2021

Koronapandemien har sett fart på ei utvikling der geografisk arbeidsstad betyr mindre enn før. Fleire stader på Nordvestlandet er det oppretta nye formar for arbeidsfellesskap, som Pir i Ålesund og gründersenteret i Sykkylven.

Seinast ut er Rauma, som vil lage eit arbeidsmiljø for folk som bur i kommunen, men jobbar for selskap andre stader.

Kommunane Ulstein og Stad har innleia samarbeid med firmaet Remote, som tilbyr marknadsføring og rådgjeving for korleis ein bør gå fram for å bygge opp slike kontorfellesskap.

– Om folk får sjansen til å ta med jobben når dei vil flytte til ein ny plass, blir det kanskje mindre skummelt å ta steget. Vi trur det kan vere eit fortrinn å gi moglegheit til å halde på jobbdelen av livet ditt, sjølv om du endrar privatlivet, fortel leiar Carl Magnus Hegde Næss av Ulstein Næringsforum, , til NETT NO.

De nytilsette forumleiaren har ansvaret for å få på plass kontorplassar for fjernjobbing i Ulsteinvik, etter at lokalpolitikarane nyleg løyvde pengar til prosjektet. Kommunen trur dei har betre sjanse for å lukkast med å kople seg på eit eksisterande prosjekt, ifølgje sakspapira.

Saknar ikkje pendlartida
Austlendingen har sjølv nyleg flytta til Ulsteinvik frå Gjerdrum nord for Oslo. Han saknar ikkje det å pendle halvannan time dagleg til arbeid inn og ut av hovudstaden.

– No kan eg gå frå jobb til skulen til sonen min, og ta han med på morosame aktivitetar rett etter jobb. Reisedelen av kvardagen forsvinn, fortel han.

Han trur fleire nye innbyggarar kan la seg freiste av slike fordelar ved å bu på ein mindre plass.

– Her kan du vere på Teams-møte med kollegaer i Trondheim, Oslo eller Bergen og gå over på den andre sida vegen og sette deg i havkajakken, legg Næss til.

Vi har ledige kontorplassar i våre lokale og kan ta i mot folk allereie no
Carl Magnus Hegde Næss

Kan ta i mot folk allereie
Førebels er det ikkje bestemt kvar kontorfellesskapet i Ulsteinvik skal etablerast. Det er også avhengig av responsen på marknadsføringa. Om det melder seg fleire på kort tid, må ein raskare finne eit eige lokale.

Næss ser føre seg at det bør ligge i nærleiken til lokala i næringsforumet. I første etasje til bygget i Sjøgata, ligg allereie Skaparhuset. Også Ikuben og Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) har folk same plass.

– Vi skal stille med internett, kontorstol og ein pult som er ergonomisk rett, i tillegg til ein kaffemaskin og blide ansikt kvar morgon. Og vi har ledige kontorplassar i våre lokale og kan ta i mot folk allereie no, seier Næss.

(saka held fram under)

Liv Koller Borg Selje hotel
SELJE: Liv Koller-Borg er mellom anna styreleiar i Stad Vekst, som jobbar for å skape arbeidsfellesskap. Ho har trua på at nye trendar i arbeidslivet kan hjelpe distrikta til å få fleire innbyggjarar. Foto: Kjetil Haanes

– Fleksible arbeidsplassar ideelt
Firmaet Remote har som mål å etablere seg ti spesielt attraktive plassar i Norge. Frå før har dei oppretta samarbeid i Mandal, Risør og Førde. Tidlegare i haust inngjekk også Stad kommune samarbeid med firmaet.

– Koronapandemien har gitt meir fleksibilitet til å ta med seg jobben, og næringslivet i heile regionen skrik etter kompetanse og har mange spennande prosjekt på gong, fortel Liv Koller-Borg.

Ho er styreleiar i Stad Vekst, som skal utforme prosjektet med fjernarbeidsplassar i samarbeid med kommunen.

Ein skal kunne kome til Stad kommune, velje ei av dei mange ledige kommunale tomtene og få plassert eit minihus der
Liv Koller-Borg

– Om vi skal bli den pulserande distriktspioneeren vi har sett oss om mål om å bli, må vi ha meir variasjon og dynamikk i næringslivet. Då er fleksible arbeidsplassar ideelt, meiner ho.

Koller-Borg fortel at dei først vil vidareutvikle kontorfellesskapa som allereie eksisterer, som på Leikanger, Selje og Nordfjordeid.

(saka held fram under)

Skjermdump remote stad instagram 111
HODDEVIK: Med surfedestinasjonen Hoddevik som blikkfang, blir Stad marknadsført som eit paradis for aktivt friluftsliv. Skjermdump: Remote Norge på Instagram

Vil tilby minihus på valfri tomt
Ein plass å bu er ei utfordring for fleire kommunar på Nordvestlandet – også Stad, særleg for unge som ikkje kan eller vil bygge hus enno.

Difor har kommunen også gått eitt skritt lengre ved at dei vil kople på bruken av minihus i prosjektet. Koller-Borg påpeiker at denne delen av prosjektet førebels er på idestadiet.

– Vi ser føre oss at minihusa skal vere flyttbare og ein skal kunne kome til Stad kommune, velje ei av dei mange ledige kommunale tomtene og få plassert eit minihus der. Dei kan du til eksempel leige i to år, for å finne ut om du likar deg eller ikkje i området, fortel ho.

Koller-Borg trur det kan vere ein meir uforpliktande måte å flytte på. Målgruppa vil typisk vere folk i alderen 25 til 35 år, som ikkje enno har stifta familie.

– Eg synest det er veldig framtidsretta av kommunen og tenke i dei baner. Og helst vil vi sjølvsagt ha lokale firma til å bygge desse minihusa, legg Koller-Borg til.

Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 13.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 13.11.2021 12:12

Mer om