Monja Mjelva montasje Hotel Union Geiranger Foto kjjetil Marius 11
STØRSTE ARBEIDSPLASS: Monja Mjelva er og mannen Sindre er 4. generasjons vertsskap ved Union-hotellet i Geiranger. Reiselivsbedrifta er bygdas største arbeidsplass. Foto: Kjetil Haanes/Marius Rosbach
Nytt

Fleire heilårstilsette enn nokon gong

Hotellsjefen på Union i Geiranger har kjempetru på vinterturisme. No får bygda tryggare veg.

Marius Rosbach
16.12.2023

Fleire heilårs arbeidsplassar og lengre sesong har vorte eit langsiktig mål for store delar av reiselivsbransjen.

Hotel Union i Geiranger er no oppe i 60 faste heilårsstillingar – fleire enn nokon gong. I tillegg har dei nokre titals utanlandske tilsette som jobbar store delar av året - men gjerne reiser til heimlandet nokre månader i året.

Hotellet er den største arbeidsplassen i bygda og i høgsesongen har dei gjerne 130-140 tilsette i full sving.

– Eg har stor tru på at heile Møre og Romsdal har eit kjempepotensial for vinterturisme, med alt frå jugendbyen Ålesund, til Geirangerfjorden og Molde-regionen, seier hotelldirektør Monja Mjelva til NETT NO.

Men då må også infrastrukturen henge saman. I Geirangerfjorden opplever dei ofte at det ikkje er tilfelle.

Har auka folketalet
Saman med mannen, Sindre, er Mjelva 4. generasjons vertskap og eigarar av det tradisjonsrike Union-hotellet. Sjølv har dei lagt mykje ressursar i å halde på dei tilsette.

– Dei siste åra har vi bygd 24 familiebustader i Geiranger, som gir eit fantastisk tilskott til bulysta. Det har også gitt resultat i form av auka folketal, seier Mjelva.

Medan store delar av indre Sunnmøre slit med fråflytting, har pilane peika motsett veg i Geiranger. Det siste året har innbyggjartalet i bygda auka med 31 personar, ifølgje årets fylkesstatistikk frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ifølgje det siste oppdaterte talet, bur det no 265 personar i Geiranger – noko som blei markert med fellesmiddag i sentrum denne veka.

Geiranger Camping vinter foto marius 11
VINTERSTENGT: Størstedelen av reiselivet i Geiranger stenger ned om vinteren. No er det berre Hotel Union som har ope for overnatting i bygda. Snart stenger også dei - mellom anna for å pusse opp. Foto: Marius Rosbach

Ligg an til nytt rekordår
Etter nokre år med «berg- og dalbane» under pandemien, fortalde Mjelva tidlegare i år at Union-hotellet låg an til ny rekordomsetning.

Med berre nokre få opningsdagar att av året, kan hotelldirektøren stadfeste at det blir rekord.

Samtidig ser bookingane for første del av sesongen bra ut når hotellet opnar dørene i starten av februar. Ho fortel at fleire kjem frå Asia og Midt-Austen, som er nye gjestegrupper.

– Det er fleire individuelt besøkande frå utlandet, enn det har vore før. Også no i desember opplever vi det, sjølv om det ikkje er eit stort volum, fortel salssjef Tone Nordvik til NETT NO.

Eit anna teikn på at sesongen er i ferd med å bli lengre, er at hotellet aldri har hatt fleire internasjonale grupper enn dei hadde i oktober månad i år.

– Vi hadde også ei gruppe i november, og det har vi ikkje hatt før, legg Nordvik til.

Tone Nordvik NN Hotel Union Gieranger Foto Marius Rosbach 11
FLEIRE FRÅ UTLANDET: Salssjef Tone Nordvik og Ingunn Gjørva i resepsjonen på Union-hotellet, der dei får stadig fleire utanlandske gjestar. Foto: Marius Rosbach
Når det er blitt tunnel og mykje tryggare, så trur eg det kan gi oss fleire gjestar
Tone Nordvik

Opnar snart tryggare veg til bygda
Snart opnar tryggare veg frå Eidsdal inn til bygda nordfrå. Prosjektleiar Stig Arild Vinnenes i Møre og Romsdal fylkeskommune fortel at dei per i dag ligg an til å opne den nye strekninga på fylkesveg 63 i februar neste år.

Fleire har trua på at det kan gi meir besøk til Geiranger av fastbuande i regionen. Direktøren og salssjefen på Union-hotellet er mellom dei.

– Det blir mykje, mykje betre å køyre hit, seier Tone Nordvik.

– Eg trur mange her i fylket tenker at dei ikkje skal til Geiranger når dei ser at det har gått ras. Men når det er blitt tunnel og mykje tryggare, så trur eg det kan gi oss fleire gjestar, legg ho til.

Geiranger Fjordservice Geirangerfjord II foto Marius 11
NY TURISTRUTE: Geiranger Fjordservice har starta ny båtrute frå Ålesund som seglar fleire gonger i veka. Etter nyttår er dette einaste måten å kome seg inn sjøvegen til Geiranger. Snart opnar også tryggare fylkesveg frå Eidsdal. Foto: Marius Rosbach
Det er ikkje slik at ein berre kan sette opp ferja, også står det ti bussar på kaia som vil vere med
Tone Nordvik

Vinterferja blei kutta
Hotellduoen fortel at dei i fjor starta å selje inn til turoperatørar at gjestane kunne komme seglande med ferje heile vinteren. Men framfor årets sesong blei kostnadene til vinterferja kutta frå dei fylkeskommunale budsjetta.

– Dermed gjekk alt det arbeidet i vasken, seier Nordvik litt oppgitt.

Ho forklarar at turoperatørane helst vil at ferjeruta er sikra i ein femårsperiode, før dei startar å marknadsføre den til sine gjestar.

– Det er ikkje slik at ein berre kan sette opp ferja, også står det ti bussar på kaia som vil vere med. Slik er det ikkje, og operatørane vil ha igjen for investeringa med jobbe inn eit slikt tilbod, seier Nordvik.

Etter at ferja frå Hellesylt stoppar ved årsskiftet, er det berre Geiranger Fjordservice som seglar inn fjorden med ein mindre sightseeingbåt tre gonger i veka.

Tapar pengar delar av året
Direktøren og salssjefen legg ikkje skjul på at hotelldrifta går med tap på starten og slutten av sesongen. Det er likevel verdt å halde på dei tilsette og kompetansen, framfor å ha stadige utskiftingar.

– Du må bruke litt pengar for å få noko tilbake. På Flåm tapte dei til eksempel pengar i mange år, før dei klarte å få vinterturismen skikkeleg i gong, seier Nordvik.

Hotelldirektør Mjelva påpeiker at Flåm har eit heilt anna utgangspunkt enn Geiranger, når det gjeld å vere tilgjengeleg. Logistikken som gjer at folk i det heile kjem seg til Geiranger, er avgjerande for at det skal vekse fram eit berekraftig reiselivstilbod i bygda, legg ho til.

Publisert: 16.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.12.2023 22:31

Mer om