Kort fortalt

Vil lyse opp verdsarvfjord

 Skal lokke fleire vinterturistar.

22.02.2018
NPK: Ei prosjektgruppe ønskjer å lyse opp den UNESCO-verna Nærøyfjorden for å trekke endå fleire turistar på vinterstid.
– Vi meiner dette vil forsterke opplevingsverdien av verdsarvfjorden på haust, vinter og vår, seier koordinatoren for prosjektet, Per Svanes, til NRK.
Turistbåten «Vision of The Fjords» seglar på Nærøyfjorden også på vinterstid. Selskapet The Fjords, som driftar båten, søkjer saman med Flåm AS og Nærøyfjorden Verdsarvpark om finansiering og løyve til å lyse opp utvalde område av fjorden.
– Vi trur dette vil gjere Nærøyfjorden meir attraktiv på vinterstid og få fleire turistar hit. Dette vil vere med å auke belegget på overnattingsstader og serveringsstadar, seier Svanes.
Prosjektgruppa ønskjer i første omgang å lyse opp to punkt i Nærøyfjorden og teste desse ut på turistar neste vintersesong. Om dette blir ein realitet er det opp til styret for verneområdet å avgjere.

Publisert: 22.02.2018 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39