Vil pause torskeoppdrett etter rømming
Krav frå Naturvernforbundet.
(NPK-NTB): Naturvernforbundet vil stanse all tildeling av oppdrettsløyve for torsk mellombels, på grunn av fare for rømming.
I september melde Fiskeridirektoratet at Sunnmøre Torsk hadde varsla om rømming ved eitt av anlegga sine i Voldsfjorden på Sunnmøre. Ifølgje Kyst.no dreidde det seg om to hol på lokaliteten Alida.
Leiar for havbruksseksjonen i region Midt i Fiskeridirektoratet, Ruth Lillian Kjæmpenes, sa då at det potensielt kunne dreie seg om ei større rømming.
No krev Naturvernforbundet at all utviding av torskeoppdrettsnæringa blir sett på vent.
– Alle søknader om torsk i merd som ikkje har komme så langt at det er torsk i sjøen, må setjast på vent til ein får klarlagt og løyst problema som no har komme fram, skriv Naturvernforbundet i pressemeldinga.
Dei krev også at all torsk Sunnmøre Torsk har i merdane i Voldsfjorden og andre stader må takast opp av sjøen.
(©NPK)
Publisert: 12.10.2022 18:09
Sist oppdatert: 12.10.2022 19:05