Jens Stoltenberg foto Hakan Dahlstrom Wikimedia Commons
Finansminister Jens Stoltenberg trekkjer fram at Noreg er blant landa som har tent mest på ein open verdshandel. Foto: Hakan Dahlstrøm/Wikimedia Commons
Kort fortalt

– Vil ramme Noreg meir enn mange andre

Stoltenberg om kommande Trump-toll på «frigjeringsdagen».

02.04.2025

(NPK-NTB): Donald Trumps «frigjeringsdag» er rett rundt hjørnet. Finansminister Jens Stoltenberg åtvarar om at dei kommande tollane kan ramme Noreg hardt.

– Vi må vere førebudde på at i dag kjem den mest massive tollauken verda har sett på mange tiår, seier Stoltenberg til NRK.

USA har varsla kunngjering av ei rekke nye tollsatsar mot fleire av dei viktigaste handelspartnarane sine innan 2. april. På det Trump kallar «frigjeringsdagen» skal supermakta bli mindre avhengig av utanlandske produkt.

Stoltenberg trekkjer fram at Noreg er blant landa som har tent mest på ein open verdshandel.

– Om det no blir tollkrig og tollmurar, vil det ramme Noreg meir enn veldig mange andre land, seier Stoltenberg.

Det er venta at Trump skal leggje fram dei nye tollsatsane klokka 22 norsk tid. Dei trer i kraft så fort dei er kunngjorde, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Tidlegare har Trump og Det kvite hus meldt at tollsatsane skal bli skreddarsydde for kvart enkelt land ut frå kor mykje toll dei har på amerikansk import, og kor mykje meirverdiavgift (MVA) dei har. I Noreg er MVA-satsen på 25 prosent for dei fleste varer.

(©NPK)

Publisert: 02.04.2025 08:43

Sist oppdatert: 02.04.2025 08:43

Mer om