Kort fortalt

Vil redusere inkassorekningane

Konkurransetilsynet vil endre reglane.

07.02.2019
NPK-NTB: Inkassoselskapa soper inn pengar i form av gebyr staten har fastsett. Konkurransetilsynet vil endre reglane til fordel for forbrukarane.
Inkassoselskapa lever av å krevje inn pengar på vegner av andre, og pengane dei sit igjen med er alle gebyra som hopar seg opp undervegs.
Ifølgje har seks av dei ni største inkassoselskapa hatt ei årleg gjennomsnittleg avkasting på eigenkapitalen på 40–75 prosent i åra 2013–2017, mot 8 prosent for næringslivet elles.
Dei gode resultata blir ikkje berre forklart med dei stigande gebyra, men også automatisering og ein sterk auke i talet på inkassosaker. Konkurransetilsynet vil no ha slutt på at inkassoselskapa tek heile overskotet, og vil at konkurranse mellom selskapa skal gi ein gevinst for forbrukarane.
– Vi vil gi dei som har pengar til gode, eit motiv til å velje dei billegaste inkassoselskapa, seier førstekonsulent Martin Wessel i Konkurransetilsynet. Tilsynet foreslår å la kreditorane betale delar av gebyret, noko som vil gjere det attraktivt å velje den billegaste innkrevjaren. Det vil igjen komme forbrukarane til gode.
Leiar Aleksander Nordahl i bransjeorganisasjonen Virke Inkasso likar innspelet.
Justisdepartementet, som fastset gebyra, sette i oktober ned ei arbeidsgruppe for å gjennomgå inkassolova.

Publisert: 07.02.2019 08:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36