Kort fortalt

Vil rive Vegtilsynet laus frå Vegvesenet

Vil ha Vegtilsynet som eige organ.

09.03.2016
(NPK): Samferdslepartementet har sendt ut eit høyringsnotat med framlegg om å mellom anna skilje Vegtilsynet frå Vegvesenet og gje dei nye verkemiddel.
Regjeringa ønskjer som eit eige organ under Samferdsledepartementet og ikkje under vegdirektøren i Statens vegvesen, som i dag. Den nye veglova skal gje Vegtilsynet mynde til å føre tilsyn med både Statens vegvesen og det nye utbyggingsselskapet Nye vegar AS. Departementet ønskjer å gje Vegtilsynet nye verkemiddel, som pålegg om retting og bøter.
Veglova skal, dersom ho blir vedteke, innehalde ein paragraf som gjer dei som er underlagde tilsynet, plikt til å la tilsynet få innsyn i naudsynte dokument. Dette gjeld òg entreprenørar, konsulentar og andre som utfører oppgåver for eller samhandlar med Statens vegvesen eller Nye vegar AS.
Høyringsbrevet ligg på departementet sine . (©NPK)

Publisert: 09.03.2016 16:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47