Kort fortalt

Vil samle Vestlandet

Fylketinget i Sogn og Fjordane vil sjå på samling av heile Vestlandet.

10.12.2015
(NPK): Fylkestinget i Sogn og Fjordane vil greie ut moglegheita for ein landsdelsregion som samlar alle dei fire vestlandsfylka.
Vedtaket i fylkestinget onsdag var samrøystes, fortel .
– Eg er glad vi no tek initiativ til å få på plass ein sterk landsdelsregion på Vestlandet som ei erstatning for dagens fylkeskommunar. Vi skal vise retning og vilje i denne saka, seier Alfred Bjørlo frå Venstre.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) oppmoda i sommar fylkeskommunane om å ta ein naboprat. Sogn og Fjordane har sett nordover, men fått nei frå Møre og Romsdal. Bjørlo meiner det synleggjer kor viktig det er at Stortinget og regjeringa er klare og seier dei ønskjer ei regionreform på nasjonalt nivå, skriv NRK.no.
I vedtaket i fylkestinget heiter det at alternativet til ein landsdelsregion er at «dagens fylkeskommunar får ein styrkt regionalpolitisk posisjon som samfunnsutviklar og tenesteleverandør». (©NPK)

Publisert: 10.12.2015 13:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49