NPK-NTB: Dersom Noreg skal lære Japan om forvalting av kval, må vi krevje tilgang til den japanske marknaden, meiner sjefen for bransjeorganisasjonen Sjømat Noreg
Japanske representantar har nyleg vore i Noreg for å lære om forvalting og kvotesetting for kvalfangst, skriv . Landet varsla nyleg at dei vil ta opp att kommersiell kvalfangst og melde seg ut av den internasjonale kvalfangstkommisjonen.
Ifølgje Fiskeribladet skal norske styresmakter vere positive til dialog med japanarane. Sjømat Noreg meiner Noreg bør få noko konkret igjen som takk for hjelpa.
– Etterspør dei ekspertisen vår, skal vi ha kvalprodukta våre inn på den japanske marknaden i retur. Noko anna vil vere uaktuelt, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark. Han fortel at Noreg har delvis tilgang til den japanske marknaden med frose kjøtt, men for ferske produkt er reglane kompliserte og forvirrande.
– Er det noko norsk kvalfangst treng, er det marknadstilgang.
Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) seier han er klar over kravet frå Sjømat Noreg og seier det er noko som må vurderast saman med ei rekke andre faktorar.
– Eg vil diskutere marknadstilgang for kval når eg reiser til Japan i mars, seier Nesvik, som skal besøkje landet i fire dagar.

Publisert: 11.02.2019 08:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36