Kort fortalt

Vil stramme inn oppdrettspermittering

Raudt vil gjere reglane for permittering i oppdrettsbransjen mindre gunstige for selskapa.

21.11.2022

Ap og SV vil også sjå på moglege endringar.

Overfor Klassekampen er Raudts Mímir Kristjánsson i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget tydeleg på at ordninga er «overmoden for endring».

Både oppdrettsbransjen og villfiskindustrien har i dag unntak frå dei vanlege permisjonsreglane, noko som mellom anna inneber at staten dekkjer lønn frå første dag. Elles er regelen at arbeidsgivarane må betale lønna dei 15 første dagane.

SVs Kirsti Bergstø, som leier den same komiteen, skriv til avisa at partiet er ope for endringar, men at dei før ein konklusjon vil diskutere saka nærare med Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund og næringa.

Også Aps Tuva Moflag, som er andre nestleiar i komiteen vil sjå på ordninga.

– Når vi ser kor systematisk permitteringane i havbruk har vore over så mange år, må vi sjå på om grada av uvisse som blir lagd til grunn for permitteringane, er godt nok grunngitt, seier ho.

Publisert: 21.11.2022 09:10

Sist oppdatert: 21.11.2022 09:13

Mer om