Kort fortalt

Vil støtte klimatiltak

Nordmenn seier ja til grøne avgifter på visse vilkår.

08.08.2016
(NPK-NTB): Folk er positive til grøne avgifter så lenge pengane går til klimatiltak, seier Cicero-forskar Steffen Kallbekken. Men upopulære og uklare miljøavgifter kan gå utover betalingsviljen.
– Avgifter som er lite treffsikre og uklare kan absolutt bidra til negative haldningar, seier Kallbekken til NTB.
Flypassasjeravgifta og poseavgifta, som rett nok blei skrinlagde, er døme på avgifter som ikkje akkurat blei godt mottatt.
– Folk mislikar sterkt endringar som reduserer den personlege valfridomen, seier Cicero-forskaren.
Han meiner til dømes bomavgifter kan vere enklare å akseptere fordi mykje av inntektene går til kollektivtrafikk og sykkelvegar. Miljøavgifter som er uklare og først og fremst synest å ha som mål å skaffe statskassa inntekter, er derimot lite populære.
– Generelt er nordmenn ganske positive til ideen om at avgifter er ein god måte å kontrollere utsleppa på. Men føresetnaden synest å vere at skatteinntektene går til klimaformål, seier Kallbekken. (©NPK)

Publisert: 08.08.2016 12:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44