Om fylkeskommunedirektøren sitt råd får gjennomslag må besøkande på Trollstigen betale for opplevinga i framtida.
Fylkeskommunedirektøren ber fylkesordføraren ta kontakt med næringsministeren for å få Trollstigen inn som pilot for ei ordning med besøksbidrag, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ho rår og til at det blir vurdert å kreve bompengar for å køyre Trollstigen.
Mellombels og fast ordning
Denne sesongen vart Trollstigen stengt etter steinsprang, men planen er å opne den på nytt til neste turistsesong.
Det var fylkesutvalet som tidlegare i år ba fylkeskommunedirektøren om å finne alternativ til å finansiere drift og vedlikehald av Trollstigen.
Fordelen med eit såkalla besøksbidrag er at det kan vere ein varig finansieringsordning. Utfordringa er at det ikkje er ei ordning som er i bruk i Noreg.
Bompengar berre kan finansiere varige tiltak og utbetringar, ikkje drift og vedlikehald, ifølgje fylkeskommunedirektøren.
Publisert: 24.09.2024 09:04
Sist oppdatert: 24.09.2024 09:04