40 millionar til Trollstigen
Regjeringa vil dele på rekninga for å kunne open turistvegen.
Fordi han er ein av våre viktigaste turistattraksjonar, og heilt avgjerande for næringslivet i området, vil regjeringa bidra med 40 millionar kroner for å hjelpe fylkeskommunen med å sikre vegen, skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding.
Trollstigen vart tidlegare i sommar stengt på ubestemt tid, etter stein rasa ned og trefte ein bil.
Etterpå har det vore dragkamp om kven som skal ta rekninga for å sikre at det skal vere trygt å køyre på vegen, slik at den kan opnast til neste turistsesong.
Les også
Fylkesordførar trur det kjem pengar til den populære turistvegen.
Hotellinvestor Erik Berg mener private kan ta over turistveien.
Ingen snarlege lovnader om finansiering av rassikring av turistvegen.
Publisert: 01.07.2024 14:44
Sist oppdatert: 01.07.2024 15:03