NPK-NTB: Senterpartiet skal på landsmøtet i helga stemme over eit forslag om å tvinge utanlandske vognførarar på glattkøyringskurs.
Ein del av forslaget er også å krevje bompengar av utanlandske sjåførar på grensa og ta tak i dei ulovlege lønnsforholda, skriv Adresseavisen.
– Vi må stramme grepet overfor dei utanlandske sjåførane fordi dei i stor grad er involverte i svært tragiske og farlege ulykker, seier fylkesvaraordføraren i Trøndelag, Tomas Iver Hallem, til avisa. Forslaget kjem frå Sp-fylkeslaga Trøndelag og Troms.
Utanlandske, tunge godsbilar har tre gonger så høg risiko som norske, for å vere involvert i ei ulykke med eitt køyretøy involvert. For andre ulykker har dei dobbelt så høg risiko, ifølgje Transportøkonomisk institutt (TØI).
Hallem meiner ein skal kunne krevje sertifisering av vinterkompetanse og glattkøyring av førarane. Han seier vidare at dei største innkjøparane av transporttenester må ta såkalla solidaransvar. Forslaget inneber også såkalla «frivillig» bompengebetaling.
– Det er konkurransen frå dei utanlandske som er med på å presse dei norske transportørane, og vi må ta tak i det som aukar presset. Så er vi klare på ansvaret til dei norske eigarane. Dei må gi dei tilsette rettmessige kår. I verste fall blir norske arbeidstakarar pressa heilt ut, seier Hallem.

Publisert: 22.03.2019 08:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35