Kort fortalt

Vil vekse frå 20 til 100 arbeidsplasser

Oppdrettsselskap ventar kraftig auka i bemanninga ved slakteri.

06.03.2024

Oppdrettsselskapet Ode ventar å bemanne opp kraftig ved fiskeslakteriet de nyleg har kjøpt på Vartdal i Ørsta, skriver Møre-Nytt.

Dei fleste av dei kring 20 tilsette har vore permitterte i fleire månader, men no er dei fleste tilbake på jobb.

Målet er at det skal jobbe 100 tilsette ved slakteriet om eitt år.

– Vi skal flytte stadig meir av slakte-aktiviteten vår hit, og drive her heile året – kvar dag. Vi er avhengige av å levere til kundane våre kvar veke, noko vi har gjort sidan april i fjor, fortel administerande direktør Ola Kvalheim til avisa.

Dei har allereie slakta den første torsken ved anlegget og håpar at ventemerd og flåte kjem på plass i løpet av hausten.

Publisert: 06.03.2024 15:43

Sist oppdatert: 06.03.2024 15:43

Mer om