Vil vurderer alternativ til Norges Fiskarlag
Alle tre regionlaga i Fiskebåt er samde.
Årsmøtet i Fiskebåt Sør sluttar seg til dei to andre regionlaga i Fiskebåt, og ber hovudstyret i Fiskebåt om å greie ut alternative organisasjonstilknytningar for organisasjonen, skriv Fiskebåt på si nettside.
Fiskebåt organisererer eigarane av den havgåande fiskeflåten. Saman med Nord Fiskarlag og Sør Fiskarlag er Fiskebåt organisasjonar i Norges Fiskarlag.
Styret har i Fiskebåt no har fått i oppdrag å greie ut om Fiskebåt framleis skal vere ein del av Norges Fiskarlag eller ikkje. I første rekke er det snakk om å kartlegge alternativa, før saka eventuelt skal på opp på ekstraordinære årsmøte i dei tre regionlaga for vidare opp på årsmøtet, eller eit ekstraordinært årsmøte i Fiskebåt for endeleg avgjerd, skriv Fiskebåt.
Publisert: 05.12.2023 20:06
Sist oppdatert: 05.12.2023 20:06