Etter to bra år i 2020 og 2021, omsette Haula Vineyard for berre 64.000 kroner i fjor. Selskapet gjekk også med tap, og hadde ved årsskiftet ein negativ eigenkapital på 156.000 kroner.
For å spare kostnader har eigaren Nina Viddal frå våren 2022 tatt seg jobb utanfor selskapet.
I årsrapporten går det fram at ein no jaktar nye aksjonærar, og vil konsentrere drifta meir inn mot kurs, kunnskap og opplevingar knytt til vinproduksjon.
Nina Viddal overtok familiegarden i 2015, og satsa på vindyrking. Ho har arrangert fleire kurs, og hatt grupper på vinsmaking.
| Haula Vineyard | |||
| Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 0,06 | 0,36 | |
| Driftsresultat | -0,03 | 0,04 | |
| Resultat før skatt | -0,03 | 0,03 | |
Publisert: 12.05.2023 09:30
Sist oppdatert: 12.05.2023 11:10






