Kort fortalt

Vindkraft gav heile Skottland elektrisitet

Dekte 106 prosent av behovet.

11.08.2016
(NPK): Mykje vind sundag fekk dei fornybare energikjeldene til å produsera 106 prosent av behovet til Skottland for elektrisitet for éin dag.
Vêret fekk òg Skottland til å stengja bruer, leggja ferjer til kai, i tillegg påverka det toga.
Miljøorganisasjonen WWF opplyser til at ein analyse WeatherEnergy gjorde viser at vindturbinane produserte nok straum til å dekkja behovet til heile landet.
Turbinane leverte 39.545 megawatt-timar til straumnettet, medan heimar, verksemder og industrien brukte 37.202 megawatt-timar.
WeatherEnergy legg til eit lite atterhald, at straumforbruket er litt lågare i helgene, men meiner likevel milepælen seier noko om kor langt fornybar kraft har kome. (©NPK)

Publisert: 11.08.2016 19:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44