Kort fortalt

Vindkraft ikkje fint nok

NVE seier nei til vindkraft i Bremanger.

02.12.2015
(NPK-NTB): Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier nei til nye vindmøller i Bremanger i Sogn og Fjordane. Grunnen er at det ikkje vil sjå fint ut.
konkluderer med at vindkraftverket ikkje vil vere samfunnsmessig rasjonelt sett i samanheng med dei andre vindkraftprosjekta i regionen.
Det er «dei samla visuelle verknadane» frå fleire vindkraftverk i regionen som er hovudgrunngjevinga for avslaget. Isolert sett er Bremangerlandet vindkraftverk eit svært godt prosjekt med tanke på forventa produksjon og tekniske forhold, heiter det. (©NPK)

Publisert: 02.12.2015 09:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49