Kort fortalt

Vindkraft-nei i Bremanger

Har ikkje oppfylt konsesjonsfristen.

20.09.2022

Vindkraftselskapet som fekk konsesjon på Bremangerlandet, har fått avslag på søknaden om utsett oppstart og har ikkje oppfylt fristen. Selskapet varsla anke.

Eit vilkår for konsesjonen til Bremangerlandet Vindpark AS var at drifta skulle vere i gang innan 1. september i år. Det klarte ikkje selskapet, og no har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) avslått søknaden om utsett driftsstart, skriv Bergens Tidende.

– Det ligg i korta at vi kjem til å anke denne avgjerda inn for Olje- og energidepartementet, seier vindkraftdirektør Stig Svalheim i SFE Produksjon, morselskapet til Bremangerlandet Vindpark.

Selskapet hadde planar om å byggje 18 vindturbinar, med ei høgd på 150 meter.

Vindkraftmotstandarane jublar for NVEs avgjerd.

– Dette var heilt fantastisk. Dette er ein stor siger for natur og friluftsliv, som mange har bidrege til, skriv talsperson Jørund Nygård i ei tekstmelding til avisa.

Naturvernforbundet seier Bremangerlandet er eit «kroneksempel» rundt feila som er gjort i prosessane rundt utbygging av vindkraft på land i Noreg.

– Dette tek vi som eit stort steg mot endeleg siger for den verdifulle naturen på Bremangerlandet. Dette viser at det nyttar å ta kampen for naturen, seier fylkesleiar Anne-Line Thingnes Førsund i Sogn og Fjordane.

Publisert: 20.09.2022 08:42

Sist oppdatert: 20.09.2022 08:43

Mer om