Kort fortalt

Vindkraftutbygging gir mangel på drikkevatn

Folk på Stadlandet må få vatn på døra.

NPK
04.05.2021

(NPK): I Borgundvåg på Stadlandet har innbyggjarane i åtte månader fått levert drikkevatn på døra fordi vindkraftverket som er under bygging på Stad, har gjort drikkevasskjelda deira udrikkeleg.

Sidan september i fjor har gravemaskinene jobba seg oppover i terrenget mot toppen av Stadlandet, der skal det kome fem vindturbinar. Like lenge har folk vore utan reint drikkevatn, skriv NRK.

Kryssinga av elvar og bekkar har gjort vatnet i kranene udrikkeleg. Det kan berre brukast i toalett eller til hus- og klesvask.

Ifølgje innbyggjarar NRK har snakka med vart dei førespegla at ei ny drikkevasskjelde skulle på plass før utbygginga starta. Men i ein e-post til NRK avviser utbyggjar Falck Renewables at dei har lova dette.

Sidan bygginga starta har likevel Falck jobba med å få til ein ny felles drikkevassbrønn, men koronapandemien har ført til forseinkingar.

No er det derimot von om at monteringa skal vere ferdig innan to veker. Deretter står det att å få godkjenningar frå kommunen og Mattilsynet.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 04.05.2021 11:03

Sist oppdatert: 04.05.2021 11:05

Mer om