(NPK): Nettavisa Nordjyske.dk skriv at det var kraftig vind i området, men langt frå nokon storm.
Meir enn halvdelen av dei 44 meter lange blada gjekk i bakken, men utan å skade nokon. Produsenten, den danske vindmølleprodusenten Vestas – som er éin av dei største i verda – har så langt inga forklaring på havariet, men er i full gang med å granske det som skjedde.
Vindturbinen er av typen V90 og har ein effekt på 3 MW. Kraftverket vart sett i drift så seint som i byrjinga av desember i fjor. Eitt av rotorblada på ei Vestas-vindmølle knekte også for åtte år sidan i Frederikshavn, men da var det storm.
Mange av vindturbinane som er i drift i Noreg, er laga av Vestas.

Publisert: 30.01.2014 09:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22