(NPK): Ifølgje ein britisk studie kan 1.500 havsuler miste livet i møtet med vindmøllene langs kysten om ikkje styresmaktene endrar byggjeplanane. Det er tolv gonger så mange som tidlegare overslag har vist.
Dei nye overslaga byggjer på nye GPS-målingar som viser at havsula flyr høgare enn mange har trudd. Dermed aukar òg risikoen for at fuglane skal fly inn i dei mange vindmøllene som det no er planar om å byggje utanfor kysten av Skottland, skriv Forskning.no.
– Dersom overslaga våre stemmer, er dei høge nok til å skape uro for moglege langtidseffektar på populasjonen, seier Ian Cleasby, éin av forskarane bak studien.
Havsulekolonien forskarane har studert, er den største i verda og held til på Bass Rock i Skottland. Der hekkar rundt 70.000 par i perioden april– september. Mindre enn fem mil unna er det planar om å reise hundrevis av vindkraftverk.
Den store sjøfuglen hekkar òg fleire stader langs norskekysten, mellom anna på Runde i Møre og Romsdal.

Publisert: 05.10.2015 18:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50