NPK: Peab K. Nordang AS i Stranda har fått kontrakt på bygging av ny ferjekai i Volda. Det nye kaianlegget skal leggjast til rette for elferje og skal stå ferdig innan 1. januar 2020, skriv fagbladet Byggeindustrien.
Kontrakten med Statens vegvesen er på 70 millionar kroner, og entreprenøren har fått med seg Volda Maskin AS til å gjere grunnarbeida, fylling i sjøen og utbetring av Sjøgata.
– Vi har hatt samhandling med entreprenøren, og dei startar det førebuande arbeidet den første veka i mai, seier prosjektleiar Olav Magrund i Statens vegvesen.
Ladestasjon og fortøying til dei nye elferjene er det reiarlaget som skal drifte sambandet, som skal stå for.
I tillegg til den nye kaia med liggjekai på utsida skal det byggjast ny gang- og sykkelveg langs sjøen, og det blir nytt venterom med toalett og nytt grøntareal bak den nye kaia.

Publisert: 27.04.2018 13:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39