Kort fortalt

Volda kapra vestlandshøgskolen.no

Sikra seg domenenamnet.

18.03.2016
(NPK): Høgskulen i Volda vil ikkje vere med i storfusjonen av høgskular på Vestlandet, også kjent som Vestlandshøgskolen, men har no sikra seg domenenamnet.
Kva institusjonen skal heite når høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane blir éin, er førebels heilt uavklart, men arbeidsnamnet har så langt vore Vestlandshøgskolen, som på sikt også kan bli Vestlandsuniversitetet.
Men begge desse domenenamna er opptatt, skriv universitetsavisa På Høyden. Pensjonist Odd Folke Topland i Stavanger har eigd vestlandsuniversitetet.no sidan i fjor, mens Høgskulen i Volda no har sikra seg vestlandshøgskolen.no.
Rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, forklarer at dette berre eitt av mange domenenamn som høgskulen har sikra seg, og at dei ikkje har ønske om å skape vanskar for andre.
– Vi har ikkje gjort noko med det enno, men viss det er slik at dei som no forhandlar om ein fusjon, ønskjer seg vestlandshøgskolen.no, så skal ikkje vi gjere oss vanskelege, seier Roppen. (©NPK)

Publisert: 18.03.2016 17:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47