Kort fortalt

Volda Maskin frifunne i søksmål

Anka dom om millionerstatning.

24.05.2023

Volda Maskin er frifunne av Frostating lagmannsrett etter at dei i tingretten vart dømt til å betale 1,4 millionar av tingretten.

Det melder Sunnmørsposten.

Det var i fjor haust Volda-firmaet blei dømd til å betale erstatning og sakskostnader til trønderselskapet Kraftmontasjen.

Bakgrunnen for saka var usemje om arbeid Volda Maskin utførte på ei kraftlinje på Sunnmøre i 2020.

No har Frostating lagmannsrett kome til ei anna konklusjon enn Møre og Romsdal tingrett. Lagmannsretten konkluderer med at Kraftmontasjen skal betale 1,3 millionar til Volda Maskin.

Trønderfirmaet slepp derimot å dekke kravet om sakskostnader, ifølgje avisa.

Publisert: 24.05.2023 15:04

Sist oppdatert: 13.08.2023 16:43

Mer om