(NPK): Høgskulen i Volda ser gjerne Høgskulen i Sogn og Fjordane blir med som ein fjerde partnar i alliansen med Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Molde. Det vedtok høgskulestyret da dei fredag drøfta struktursaka.
– Det å få Høgskulen i Sogn og Fjordane inn som alliansepartnar hadde vore ein styrke, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda til høgskuleavisa Khrono.
Styret vedtok elles at høgskulen no skal gå i gang med å lage ei utgreiing om alliansemodellen saman med høgskulane på Lillehammer og i Molde. Dessutan gav styret Roppen fullmakt til å gå i drøftingar med Universitetet i Bergen (UiB) om eit fagleg samarbeid, slik UiB har invitert til.
Styret avviste eit forslag om å opne døra for å gå inn i samarbeidet mellom Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane om det som kan bli eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet. Det prosjektet er det liten entusiasme for i Volda.
Høgskulen i Sogn og Fjordane er på si side saman med partnarane sine i full gang med å greie ut om ei slik storfusjon mellom dei tre. Utgreiinga skal vere ferdig i slutten av desember.
Samtidig gjer skulen òg ei eiga intern utgreiing om korleis framtida vil sjå ut dersom Høgskulen i Sogn og Fjordane likevel skulle velje å stå åleine. (©NPK)

Publisert: 02.11.2015 14:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50