(NPK-NTB): Av bilane som er omfatta, er 77.580 frå Volkswagen, 27.649 frå Audi, 19.947 frå Skoda og 21.963 frå Volkswagen nyttekøyretøy.
Det blir no utarbeidd tekniske løysingar på problemet, skriv Volkswagen i ei pressemelding. Desse blir presentert denne månaden, og oppgradering av bilane vil begynne så snart godkjenninga ligg føre frå tyske styresmakter. Alle kundane som er omfatta av saka, vil bli informerte individuelt.
– Vi er svært lei oss for den situasjonen som er oppstått, og vil gjere alt som står i vår makt for å gjennomføre nødvendige oppgraderingar så effektivt som mogleg, seier administrerande direktør Terje Male i den norske importøren Harald A. Møller AS.
– Volkswagen AG har forsikra oss om at kundane ikkje skal bli skadelidande og vi skal saman med våre forhandlarar gjere alt vi kan for å vinne att tilliten frå kundane, seier han. (©NPK)

Publisert: 30.09.2015 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50