NPK: Neste år får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftsstøtte for å ta imot desse køyretøya.
I 2016 vedtok Stortinget å utvide vrakpantordninga til fleire typar køyretøy for å gi eigarar av utrangerte bubilar, lastebilar, mopedar m.m. ein økonomisk grunn til å levere inn køyretøyet til godkjente biloppsamlarar.
Miljødirektoratet administrerer ordninga i samarbeid med Skatteetaten. Skatteetaten betaler ut vrakpanten til eigar og driftsstøtta til biloppsamlar.
Køyretøyet skal leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måten som ved vraking av bilar, men biloppsamlarar har derimot ikkje plikt til å ta imot dei køyretøya det no vert innført vrakpant for.
Vrakpanten er:
* Lastebilar: 5.000 kroner.
* Mopedar, lette og tunge motorsyklar: 500 kroner.
* Campingvogner og bubilar: 3.000 kroner.

Publisert: 22.12.2017 17:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40