Kort fortalt

Vurderer fotoboksar med snittmåling

Men ingen fleire før 1. november.

03.07.2019
NPK: Regjeringa vil ha ein gjennomgang av kriteria for fotoboksar med måling av gjennomsnittsfart – såkalla automatisk strekningskontroll.
– Regjeringa vil avgrense bruken av automatisk strekningskontroll til dei tilfella der ulykkesstatistikken tilseier at dette er det beste trafikktryggleikstiltaket, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i ei pressemelding.
Samferdselsdepartementet har derfor bedt Statens vegvesen i samarbeid med politiet om å sjå på bruken av fotoboksar med gjennomsnittsmåling av fart. I mellomtida blir det ingen nye strekningar med slik automatisk strekningskontroll.
Dei reviderte kriteria skal vere klare innan 1. november.

Publisert: 03.07.2019 18:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33