Kort fortalt

Vurderer raskare straumutjamning

Statnett vil sjå på flaskehalsane.

07.02.2022
(NPK): Statnett vurderer å påskunde utbygginga av flaskehalsane i straumutvekslinga mellom nord og sør i Noreg, slik at prisane blir meir like.


Det stadfestar direktøren for kraftsystem og marknad i Statnett, Gunnar G. Løvås, overfor VG.

Det statseigde føretaket har ansvaret for kraftnettet i Noreg og har sjølv peika på den dårlege overføringskapasiteten mellom Midt-Noreg og Sør-Noreg som forklaring på at straumprisane har vore opptil elleve gonger høgare i prisområda i sør enn i Nord-Noreg i vinter.

– Med dei store prisforskjellane denne vinteren, er den samfunnsøkonomiske lønnsemda av å redusere prisforskjellane større enn det vi har lagt til grunn tidlegare. Det vil vi sjå på framover, seier Løvås til VG.

Betra kabelkapasitetet mellom Midt-Noreg og Sør-Noreg vil jamne ut prisane, men straumen kjem framleis til å vere billegare nord for Dovre, understrekar Løvås.

Fram mot 2030 skal Statnett investere 60–100 milliardar kroner i straumnettet, mellom anna eit nytt samband mellom Midt-Noreg og Vestlandet. Det er òg planar om å styrkje kapasiteten sørover gjennom Gudbrandsdalen mot Oslo.

(©NPK)

Publisert: 07.02.2022 13:00

Sist oppdatert: 07.02.2022 13:01

Mer om