Kort fortalt
Vurderer sal av campingplass
Ser etter nye drivarar eller eigarar i Hellesylt.
18.05.2021
Karolin Parte og Jørn Stadheim ved Stadheimfossen Camping vurderer utleige eller sal av campingplassen, ifølgje Hellesylt.info.
Årsaka er at eigarane har problem med å få tida til drift av campingplassen, ved sidan av gardsdrifta og entreprenørfirmaet Stadheim Maskin.
– Eg håper nokon kan tenkje seg å drive campingen for eiga rekning, eller kanskje kjøpe, anten i år eller frå neste sesong. Og vi håper det er lokale personar som viser interesse, det er eit ønskje vi har, seier Jørn Stadheim til nettstaden.
Publisert: 18.05.2021 12:18
Sist oppdatert: 18.05.2021 12:20