Kort fortalt

Vurderer Tyrkia-avlysing

Sjømatrådet vurderer å avlyse sjømat-aktivitetar i Tyrkia

20.07.2016
(NPK): Den urolege situasjonen i Tyrkia tvingar Sjømatrådet til å prioritere tryggleiken.
– Vi vurderer heile tida kva aktivitetar som er mest mogleg forsvarleg å gjennomføre med tanke på både økonomiske og ikkje minst menneskelege risikoar, seier Maria Kivijärvi Heggen, Sjømatrådet sin utsending for Tyrkia og Sentral-Europa til .
Ho fortel at Sjømatrådet mellom anna har eit stort PR-arrangement i landet i oktober, men at rådet no drøftar om dette må avlysast.
Tyrkia har med sine 78 millionar innbyggjarar dei siste åra utvikla seg til å bli svært viktig for norsk sjømateksport. Blant anna blei det gjort ein stor offensiv med eit næringsseminar i samband med besøket av det norske kongeparet i landet i november 2013, der fleire aktørar frå norsk sjømatnæring og fleire norske ministrar var med. (©NPK)

Publisert: 20.07.2016 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45