NPK-NTB: Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) har fastsett ein fangstkvote på 1.278 vågekval for 2020 – det same som i år og i 2018.
Det er meir enn 100.000 vågekval i norske farvatn. Tolv fartøy deltok i fangst etter vågekval i år, og 429 vågekval vart fanga, ned frå 454 i 2018.
– Norsk kvalfangst handlar om retten til å utnytte naturressursane våre. Vi forvaltar på grunnlag av vitskapleg kunnskap og på berekraftig vis. I tillegg er kval sunn og god mat, og nordmenn vil ha vågekval på middagstallerkenen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Utrekningsmodellar utarbeidd av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ligg til grunn for fastsetting av kvoten. Det skal ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet sikre ein berekraftig fangst på vågekvalbestanden.

Publisert: 02.12.2019 09:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31