Kort fortalt

Widerøe desinfiserer flyflåten

Gjennomfører omfattande tiltak.

17.04.2020
NPK-NTB: Heile Widerøes flåte på 45 fly blir desinfiserte med eit effektivt middel som blir brukt om bord.
Ved lengre stopp blir handtak, hattehylle, luker, vindaugskarmar, armlen, bord, knappar, setebelte, beltelåsar, toalettdører, avfallsslukar på toalett og tryggingsbrosjyrar reingjorde, opplyser flyselskapet på nettsida .
Ytterlegare vask blir gjennomført nattetid. I tillegg blir normale reinhaldsrutinar følgt og avfall blir tømt regelmessig for å minske smittespreiing.
Utover desse tiltaka er det færre kontaktpunkt om bord, alle pledd, puter og putetrekk er mellombels fjerna, sal og servering opphøyrer mellombels på alle flygingar og magasinet «Skyfritt» er fjerna, for å forhindre smittespreiing.
Dei minste flya har deaktivert resirkuleringsvifta og erstattar all luft kvart fjerde minutt, medan dei to største flytypane har hepafilter som filtrerer meir enn 99 prosent av alle partiklar i lufta.
Dei fleste Widerøe-flya har færre passasjerar om bord enn vanleg. Dei kabintilsette fordeler reisande for å redusere smitterisiko i den grada det lèt seg gjere utan å setje flytryggingsmessige omsyn i fare, som å sikre riktig vektfordeling.

Publisert: 17.04.2020 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28