Kort fortalt

Ytreberg kritisk til reform

- Berre pjask, seier NHO-direktør om kommunereform.

12.07.2016
(NPK): Regionsdirektør i NHO er kritisk til resultatet av kommunereforma i Møre og Romsdal, der fylket går frå 36 til 30 kommunar.
Regionsdirektøren i NHO, Torill Ytreberg, meiner at regjeringa burde lagt fleire gulrøter på bordet i form av fleire og større oppgåver til kommunane, og at inntektsmodellen burde vore klar før arbeidet med kommunereforma blei sett i gang.
– Det er eit veldig stort sprik. Å redusere frå 36 til 30 kommunar er jo inga reform. Dette er jo berre pjask. Fem til sju kommunar slik som vi i NHO tok til orde for ville ha vore ideelt for Møre og Romsdal. Dette er ikkje framtidsretta, og eg synest faktisk at bruken av folkeavstemmingar har vore feigt, seier Ytreberg til .
Regionsdirektøren håpar fylkesmannen vil ta sterkare i når han skal komme med sine tilrådingar til hausten.

Publisert: 12.07.2016 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45