Kort fortalt

Å ete fisk gir betre sædkvalitet

Bør ete fisk to gongar i veka.

09.07.2019
NPK-NTB: Eit fiskemåltid to gonger i veka gir markant betre sædkvalitet, viser ein dansk studie. Omega 3 gjer nemleg sædceller til betre symjarar.
Det seier professor og overlege Ulla Breth Knudsen ved Fertilitetsklinikken på Regionshospitalet Horsens til .
Saman med to kollegaer har Knudsen analysert 16 internasjonale studiar som undersøkjer samanhengen mellom å ete fisk og kvaliteten på sæd.
Meir fisk i kvardagen kan komme alle menn til gode, men spesielt om ein har fertilitetsproblem bør ein ete laks, torsk og makrell.
Ei undersøking av sæden til danske menn viser at berre 20 prosent har optimal sædkvalitet, vurdert ut frå mengde sædceller og rørsler og utsjånad på cellene.
– No har vi god grunn til å seie at ein både får betre sædkvalitet, og at det er større sjanse for at eit par blir gravide dersom mannen et fisk. Enkelte studiar tyder òg på at det er lurt at både mannen og kvinna et fisk, seier Knudsen.
Likar ein ikkje fisk, kan ein òg ty til omega 3-tablettar, ifølgje Knudsen.

Publisert: 09.07.2019 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33