Kort fortalt

Åtvarar mot Harøy-olje

Mattilsynet åtvarar mot farlege fiskeoljer.

23.02.2016
(NPK/NETT NO): Mattilsynet åtvarar mot kosttilskota Polarol Havmusolje og Polaris Hvalolje, som inneheld miljøgifter over grenseverdiane. Tilsynet ber folk om å kaste dei.
Dei to produkta er elles trekte frå marknaden.
Dei høge førekomstane av miljøgifter kom fram i den årlege undersøkinga av kosttilskot av fiskeolje som Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes) gjer for Mattilsynet.
Ifølgje desse undersøkingane er vanlege fiskeoljer som tran trygge.
Polaris Hvaolje vert seld av Draøbak-selskapet Polarol, medan Polaris Hvalolje vert seld av Myklebust Hvalprodukter frå Harøya.

Publisert: 23.02.2016 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48