Kort fortalt

Åtvarar mot momsauke for reiselivet

Meiner lønsemda er for svak.

19.08.2019
NPK: Fallande lønsemd i reiselivsnæringa gjer at det ikkje er rom for å auka momsen for reiselivsbedrifter, meiner næringspolitisk fagsjef i NHO Reiseliv, Ole Michael Bjørndal.
Åtvaringa byggjer på ferske tal som NHO Reiseliv har fått utarbeidd om lønsemda til norske hotell og campingplassar. Opplysningane viser at overnattingsbedriftene i 2018 sat att med mindre enn halvparten av overskotet dei hadde i 2017, fortel
Bjørndal meiner at den fallande lønsemda i reiselivet har ein klar samanheng med at momsen for overnatting i fjor blei auka. No er ein ny momsstruktur ute på høyring. Regjeringa har ikkje teke stilling til dette enno, men Bjørndal åtvarar sterkt mot å auka momsen for reiselivet.
– Lønsemdsanalysen viser at regjeringa ikkje må finna på å auka momsen ytterlegare. Det vil få dramatiske konsekvensar med massive nedleggingar dersom satsane blir auka, åtvarar Bjørndal.

Publisert: 19.08.2019 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33