NPK-NTB;: Forbrukarrådet åtvarar mot høge gebyr ved individuell pensjonssparing. Set du inn 40.000 kroner i året i 25 år, betalar du også 110.000 kroner i gebyr.
Fagspesialist for finans i Forbrukarrådet, Geir Ormseth, seier til NRK at bankane lèt vera å informera om desse gebyra.
– Desse prosentane ein betalar i årleg forvaltningsgebyr, ser ganske uskuldige ut, men dei et av den same sparesummen år etter år, og difor er den reelle prislappen stor. Dette blir kraftig underkommunisert, seier Ormseth.
Pensjonsøkonom Knut Dyre Haug i Storebrand avviser dette.
– For det første, så er det ikkje mykje. Det er svært moderate kostnader for dette produktet. Det er berre forvaltingskostnader, altså dei kostnadene som er knytt til å forvalta pengane og rapportera til kunden og offentlege styresmakter, seier Dyre Haug.
Individuell pensjonssparing er ei ny ordning der ein kan spara opptil 40.000 kroner i året i minst 18 år. Sparesummen kan tidlegast utbetalast frå fylte 62 år.

Publisert: 13.11.2017 15:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41