Kort fortalt

Åtvarar mot proffe svindlarar

Telenor stansa i fjor over 30 millionar svindelforsøk i Noreg.

18.01.2023

Telenor-sjef Sigve Brekke åtvarar om at svindlarane har vorte meir proffe.

I tillegg til at Telenor stansa over 30 millionar svindelforsøk i Noreg i fjor, stansa teleselskapet 250 millionar globalt, skriv VG.

– Det gjeld samtale som vi har identifisert til å vere svindel over plattformene og operatørane våre vi samarbeider med, seier Telenor-sjef Sigve Brekke, som legg til at det også er store mørketal.

– Vi har vorte stadig flinkare til å stanse dei, men dei fornyar metodane sine heile tida, seier Brekke.

Han seier at dersom du ikkje forventar ein samtale frå utlandet, så bør du la vere å svare – og åtvarar mot at svindlarane har fått proffe norske medhjelparar.

– Ei utfordring i dag er at svindlaren no pratar perfekt norsk og lagar falske nettstader med så godt norsk språk og topp design, at det er veldig mykje lettare å la seg lure, seier Telenor-sjefen.

Publisert: 18.01.2023 08:14

Sist oppdatert: 18.01.2023 08:16

Mer om