Kort fortalt

Åtvarar mot svindelmetodar

Forbrukarrådet med gode råd mot kortsvindel.

15.03.2016
(NPK-NTB): Er du ein av dei «heldige vinnarane» av ein ny iPhone, TV eller eit strøymeabonnement til 1 krone? Ikkje la deg lure til å gi frå deg kortinformasjonen din for å ta imot premien, åtvarar Forbrukarombodet.
I høve den internasjonale forbrukardagen, 15. mars, kjem ombodet med sine råd for å unngå å bli lurt av svindelforsøk. Spesielt éin type lureri har generert mange klagar til Forbrukarombodet den siste tida.
Svindelen går føre seg gjennom internettannonsar og epostar der forbrukarane blir lokka til å tru at dei kan få ein iPhone, ein TV, eit abonnement hos Netflix, Spotify eller liknande for 1 krone. I realiteten inngår ein abonnementsavtalar for fleire hundre kroner i månaden om for eksempel unyttige antivirusprogram eller radiotenester. Pengane blir trekte automatisk frå betalingskortet til forbrukaren.
– Forbrukarombodet rår alle forbrukarar til å la vere å gi frå seg kortinformasjon til firma som lokkar med iPhonar til 1 krone eller liknande i epostar eller nettannonsar. Dersom du er blitt lurt til å gi frå deg kortinformasjon, bør du snarast mogleg ta kontakt med banken for å få sperra det og registrere ei reklamasjonssak, skriv ombodet.
Svindlarane brukar kjende logoar frå selskap som Apple, Elkjøp, VG og Dagbladet til å gjere annonsane meir truverdige. Selskapa bak svindelen er utanlandske, noko som gjer det vanskeleg for Forbrukarombodet å sette ein stoppar for verksemda. (©NPK)

Publisert: 15.03.2016 08:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47