Kort fortalt

Åtvarar mot ulovleg sal av fisk

Fiskeridirektoratet ser auke av private som sel via sosiale medium.

25.06.2025

(NPK-NTB): Fleire fritidsfiskarar sel fisk i sosiale medium, særleg på Facebook. Det er ulovleg, åtvarar Fiskeridirektoratet.

– Vi ser ein urovekkjande auke i annonsar der privatpersonar og fritidsfiskarar sel fisk direkte til andre privatpersonar, seier Nils-Olaf Larsen i Fiskeridirektoratet.

Han viser til eit døme der ei mor selde fisk som barnet hennar hadde fiska.

– Dette er ikkje lov og kan føre til både bøter, inndraging av fangst og utstyr, seier han.

Berre registrerte yrkesfiskarar med godkjend båt og løyve kan selje fisk. Også dei som kjøper fisken, kan bli haldne ansvarleg.

– Det skaper urettferdig konkurranse, skadar dei seriøse aktørane og gjer det vanskeleg å ha oversikt over fisket og kor mykje som blir henta opp frå havet, seier Larsen.

(©NPK)

Publisert: 25.06.2025 11:59

Sist oppdatert: 25.06.2025 11:59

Mer om